NYBILUTSTILLING UNDER TOUR DES FJORDS

Onsdag 24. mai er det klart for sykkelfesten Tour des Fjords. Vi som er med og sponsar arrangementet, ønskjer også å vere til stades, og vil derfor få invitere deg til nybilutstilling på kunstgrasbana ved Førdehuset. I tidsrommet 11.00 til 15.00 blir det også høve til å prøvekøyre bilane.

Fem av bilforhandlarane i Førde har gått i lag om ei felles utstilling, der kvar forhandlar stiller med fem bilar kvar. 

Utstilarane er Berge & Co med Audi, Volkswagen og Skoda. Biltreff stiller med BMW og Mitsubishi, medan Frydenbø viser fram modellar frå Volvo og Nissan. Bilhuset Førde vil ha med seg Mercedes og Peugeot, medan Autoforum kjem med eit utval Ford-modellar.

På Festplassen, like over vegen, vil det vere storskjerm som viser heile rittet frå start i Balestrand, samt mykje anna spennande aktivitetar, så kom tidleg, ta del i arrangementet, kombinert med ein prøvetur i ny bil, og bli med på festen seinare på kvelden.